– Eg blir aldri vaksen

ETTER HANS BORTGANG. I ein mannsalder engasjerte Oddvar Aadland seg i ungdomsarbeid. God tid var hans hemmelege våpen.

Oddvar Aadland døydde 26. april 2015 og vart gravlagd 6. mai. Sambåndet intervjua han hausten 2009. Me publiserer intervjuet digitalt no fordi han fekk vera viktig for mange, og for at endå fleire skal få eit innblikk i livet hans. Publiseringa skjer etter avtale med familien.  

– Nei, nei nei. Det er ikkje eg som har strikka, seier Oddvar og ler godt av spørsmålet. Dei mønstra lubbene på bordet er vunne på basar førre veka. Truleg ein som Oddvar sjølv har seld lodd for.

– Nei, eg kan ikkje slik strikking. Eg kan eigentleg lite sånn handverksting, det ligg ikkje for meg, seier Oddvar og smiler.

Biltur.

Heilt sidan han som sekstenåring vart med i styret for yngreslaget i Blomsterdalen utanfor Bergen, har han stort sett drive med ungdomsarbeid i ei eller anna form. Aller helst i si eiga form.

– Eg hugsar ein prest som spurde meg då haustplanen var klarlagt: Har de vurdert noko aktivitet for å engasjera dei? Fotokurs, for eksempel? Men sånne ting låg ikkje for meg, seier Oddvar.

Men spørsmålet sette i gong ein prosess i den unge leiaren. Kva var hans måte å få kontakt med dei unge på? Svaret kom overraskande, det vart bilen. Men han likar eigentleg ikkje å snakka om det.

– Njai, du veit jo ikkje kven som les dette. Det kan jo hende politien ikkje er så glad i øvelseskjøringa me dreiv med på småvegane her, seier han og ler.

For det vart mange bilturar for Oddvar saman med ungdommane, anten som sjåfør, kamerat eller øvingslærar. Og der i bilen vart det tid til mange gode samtaler, både om bil, men mest om livet.

– Men det sleit litt i meg at eg ikkje var flink nok til å vitna og fortelja for dei. Eg ville så gjerne vinna dei for Gud. Det vart fort så mykje preik om alt anna. Kanskje då sistemann var igjen i bilen, kanskje då greidde eg å dreia praten inn på trua, seier Oddvar litt ettertenksam og gnir fingrane over haka.

Men svaret han fekk frå ein av ungdommane som seinare vart ein kristen, gav han frimod til å halda fram med å bry seg.

– Ja, eg spurde han direkte, og han sa: ”Berre det å setja seg inn i bilen din, Oddvar, var nok til å kjenna kallet”, fortel Oddvar.

– Så der eg følte eg svikta, var det nok at eg bare var meg.

p-oddvar-ådland-3-fotoVVOpen heim.

Akkurat det er noko av nøkkelen i Oddvar sitt arbeid. Han har vore der med seg sjølv og prøvd å vera den same enten han stod på talarstolen eller gjekk i butikken.

Einaste gut i barneflokken på sju, med tre søstrer på kvar side av seg. Slik vaks han opp, og slik vart han. For han vart aldri gift, han vart berre seg sjølv – med god tid til misjon og ungdom. Då foreldra døydde og han tok over barndomsheimen, hadde han hus å fylla med ungdom i tillegg til bilen. Mange kveldar har stova i Blomsterdalen vore fylt med ung-lyd, enten til inviterte selskap eller spontane besøk i forbifarten. Eller forbifarten er ikkje heilt sant, han bur inst inne på ein smal veg, så dei som besøker han, gjer det med vilje.

– Eg hugsar ein gong eg hadde hatt huset fult av ungdommar og skulle køyra dei heim etterpå. Me hadde ikkje gjort noko spesielt, eg trur ikkje eg hadde servert mat ein gong. Berre sete der og snakka med dei. Då overhøyrde eg ei av jentene som aldri hadde vore der før, sei til kameraten: ”Dette var kjekt, kan me gjera dette oftare?”

– Eg føler eg har kunna bruka heimen min til å gje noko til ungdommane, seier han.

Og dei har kome, ein etter ein. Mange ungdommar har opp gjennom åra stått på trappa med trong for ein prat. Mange telefonar har kima, gjerne midt på natta. Mange mil er kjørt for å henta når det var for seint å ringa foreldra eller uvissa på reaksjonen var for stor. Men Oddvar har vore der for dei, år etter år. Han har hatt tid, og han har stilt opp.

Sterk stemme.

Kvifor dette engasjementet for ungdom vaks fram, har han ikkje noko godt svar på.

– Eg veit ikkje, men eg har alltid hatt slik nød for å vinna dei for Gud. Dessutan trives eg så godt med dei. Eg vart aldri vaksen, seier pensjonisten med eit stort smil og strekker den korte kroppen i godstolen for å flytta føtene frå armlenet til sofaputa.

Den muntre kroppen på 158 cm ragar ikkje så høgt over marka. Det er ein fordel, meiner Oddvar. Og så får det han til å likna på Anfinn Skaaheim. Men volumet kan vera stort på andre måtar.

– Ja, eg kan verta fort sint, seier han og ler med enda større engasjement enn før.

Stemma kan verta ganske morsk, om det trengs. Men det varer ikkje lenge, meiner han, og fortel om ein av dei mange turane med ungdomsgjengen ned til bibelcampen på Justøy. Ein av ungdommane hadde ikkje gjort jobben sin, og Oddvar hadde stramma han opp på tydeleg Oddvar-vis. Då det litt seinare var tid for grilling, og Oddvar spanderte ein av sine eigne kotelettar på guten, vart guten overraska.

– ”Men er du ikkje sint på meg, då”, spurte han. ”Sint”, sa eg. ”Nei, det var jo i stad, det. Det er jo lenge sidan”, fortel han og mest løfter seg ut av stresslessen i entusiasme.

På overtid.

Det er ikkje lenge om gangen mannen sit stille. Armar, bein og resten av kroppen sprett som ein ungfole i stolen – frå eine historia til den andre. Det er mange å henta frå, for det er mange ungdommar som har fått livet endra av at Oddvar har vore der. Kor mange som har funne heilt fram til frelsesvegen, veit han ikkje. Men mange er det.

– Dei aller fleste har kome med som ein del av arbeidet. Enten på turane til Justøy eller ei møteveke. Sjølv har eg ikkje bede til Gud med så mange, men det har skjedd.

– Dessutan har ein av oppgåvene mine vore å hanka dei inn igjen. Som ein sa det: ”viss me var på ville vegar, så kom du, Oddvar.”

No er det borna av dei gamle ungdomane han må hanka inn. Eller, han har jo strengt tatt gitt seg som leiar.

– Ja, eg slutta eigentleg for mange år sidan, eg, seier han og ler godt.

Det er berre så alt for kjekt at han greier å gje seg.

På 70-årsdagen hans i 2010 fekk Oddvar Aadland Kongens fortjenstmedalje i sølv. I tillegg til massivt engasjement for ungdommane og anna bedehusarbeid, sat Aadland fleire perioder for KrF i Bergen bystyre. Han engasjerte seg også i naudhjelp blant anna til Russland og Bangladesh. 

p-oddvar-ådland-1-fotoVV

7 replies
  1. Ella Sletvik. says:

    Det var trist og få høre at Oddvar var gått bort. Han var en livaktig mann. Alltid smilende. Satt ofte på kafeen på senteret i Blomsterdalen, da var det ofte vi hadde en prat. Gikk på folke skolen sammen med han, husker han som veldig flink på skolen. Trist at vi ikke kan treffe han mere. Får bare ønske fred over minnet.

    Svar
  2. Asbjørn Risa says:

    Takk for at de publiserte dette intervjuet som er ganske karakteristisk for vår kjære Oddvar.

    Svar
    • Gunnar Sørmo says:

      Ja du kjente Oddvar bedre en meg, men jeg vil også takke for det innlegget om vår alles Venn. Vi kommer til å savne deg. men vi skal møtes i himmelen når Gud vil

      Svar
  3. Stig Magne Heitmann says:

    Flott intervju med ein mann som har sett spor etter seg. Eg og har så mykje å takke Oddvar for. Han fullførte løpet med glans.

    Svar
  4. Brynhild Heitmann says:

    Mange takk Oddvar for alt du har gjort for alle i Blomsterdalen og andre mennesker du hsr møtt på din vei. Gud signe minnet!

    Svar
  5. Gunnar Sørmo says:

    Jeg kan ikke si annet en Tusen takk for det gode kamerat som du var Oddvar. Vi hadde mye å gjøre fremover nå med Vyborg og loddsalg og basar, men Gud ville det ikke slik. Gud velsigne deg og jeg håper å få møte deg igjen i himmelen.

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar til Brynhild Heitmann Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.